Vakthald

Ved alle arrangement som inneber publikumstilstrøyming bør det gjerast ei risikovurdering av arrangementet. Dette gjeld både små og store tilstelningar. Skal du halde eit offentlig arrangement er det viktig at du avklarar behovet og omfanget av vakthald med politiet i forkant. Det er og viktig at ein nyttar eit vaktselskap som er godkjendt til å drive vakterksemd .Det vart vedteke ei ny vaktvirksomhetslov 1.april 2012, og det er også vedtatt nye utdanningskrav til vakter.

For mer informasjon om publikumshåndtering: Norske Konsertarrangører

ROS-ANALYSE:

Det er viktig å ha tenkt igjennom aktuelle uønska hendingar som kan oppstå, i forkant av arrangementet. Ein større arrangør må på eigenhand vurdere å gjennomføre ei risikoanalyse (ROS-analyse) til eige bruk og dokumentasjon.

Ta førehandskontakt med politi- og brannvern, for avklaring om arrangementet vil kreve ROS-analyse i grunnlagsdokumentasjonen. Politiet sin heinel for å krevje ei eventuell ROS-analyse i arrangementet er Politilovens § 11, og tilsvarende kan Brannvernet via Brannlovens § 7 heimle tilsvarande arrangementskrav.

Lenkjer:

 

OVERNATTING PÅ SKULAR M.M
Det er privat eigar som er ansvarlig for vakthald i bygningar som skal nyttast til overnatting, og som primært ikke er bygd til dette føremålet. Eksempler på dette er skuler, barnehagar m.m. Dersom slike bygninger skal nyttast til overnatting, må dette meldast til brannvernett, og eigar må sørge for tilstrekkelig vakthald for å ivareta persontryggleiken.