Trafikk

Søknad

Før offentlig stad vet teken i bruk til arrangement og liknande, må særskilte løyver innhentas. Les mer om dette under  Politi.

Politivedtektene for Volda kommune og Politivedtektene for Ørsta kommune definerer offentleg stad slik;

§ 1 Offentlig stad

Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

Reglar i høve regulering av offentlige områder knytt til hindringar, sperringar, sport, leik m.m, kan lesast i Politivedtektene kapittel III.

Skiltplan

Skal du halde eit arrangement som medfører regulering av trafikken eller behov for ekstra parkeringsplassar må du sende ein egen plan for dette til vegholderen. Det vil seie for:

  • Riks- og fylkesveger:
    Plan sendast til Statens vegvesen, region midt.
    Søknadsfristen er 3 månader før arrangementsdato. Kryssar arrangementet regiongrensene til vegvesenet, må adskilte søknadar sendast de berørte regionkontor.
  • Private- og kommunale vegar:
    Plan sendast til kommunen.

Det er arrangøren som må betale produksjon og oppsetting av skilt. Arrangøren dekkjer og alle andre kostnader i høve trafikkregulerande tiltak og skilting. Vær merksam på at det er du som arrangør som må organisere dette. Politiet gjer det ikkje for deg.

Trenger du hjelp til utforminga av en slik plan kan du på førehand be om praktisk vegleiing frå ein sakshandsamar hjå vegsjefen eller i kommunen, men overordna bør søknaden innehalde:

Ved veisperring:

  • Dato og klokkeslett for når vei skal sperrast.
  • Namn på vei som skal sperrast.
  • Årsak for sperringa.

Ved søknad om skilting:

  • Skiltplan som fortel kvar skilt skal stå, med kva  informasjon.
    Dette treng ikkje være omfattende skildra, men ved store arrangement kan det krevast detaljert dokumentasjon.
    Se eksempelvis NM på ski:.

Miljø

I arbeidet med trafikk og parkering er det ei god anledning til og å være miljøbevisst. Tenk kollektivt der det er mogleg. Kan det setjast opp bussar, lagast eit sykkehotell eller andre «grøne» løysingar?