Skatt og arbeidsgivaravgift

Frivillige og ideelle organisasjonar kan i løpet av eit skatteår utbetale honorar på inntil kr.8.000,- utan at det skal trekkast skatt. For andre organisasjonsformar som til dømes Aksjeselskap er beløpsgrensa kr.1.000,- Blir beløpsgrensa overskriden, skal det skattast for heile beløpet, også det som i utgangspunktet var skattefritt.

Det enklaste er å betale ut honorar mot faktura. Har ikkje artist organisasjonsnummer, er vedkomande  å rekne som vanleg lønsmottakar, og arrangør er ansvarleg for å trekke skatt i forhold til vedkomande sitt skattekort og i tillegg betale inn 14,1% av honoraret i arneidsgivaravgift. Kan ikkje artisten legge fram skattekort skal arrangør trekke 50% skatt og betale inn 14,1% arbeidsgivaravgift.

For utanlandske artistar gjeld eigne reglar. Arrangør er ansvarlig for å trekke 15% artistskatt på honorar. Utanlandske artistar skal førehandsmeldast til Utanlandskontoret for skattesaker, og ein får tilsendt eigne skjema som må fyllast ut og returnerast skattemynde i god tid før arrangementet.

Legg igjen en kommentar