Honorar

Arrangørar om er registrert som stifting, frivillig organisasjon, lag og foreiningar kan betale ut honorar til enkeltpersonar på inntil kr. 8.000,- skattefritt pr. år. Dersom beløpet overstig 8.000,- blir heile honoraret skattepliktig, og som arrangør blir du då ansvarleg for å gjennomføre skattetrekk og levere løns- og trekkoppgåve. Merk at bilgodtgjering og diettutbetalingar skal reknast med i beløpet.

Dersom honorarmottakar også er medlem i foreininga/laget/organisasjonen kan utbetaling mot reiserekning etter statens regulativ for diett og kilometergodtgjerdsle være skattefri og kome i tillegg til honorar på inntil 8.000,-

Utbetaling av honorar til sjølvstendig næringsdrivande artistar skal alltid gjerast mot faktura som skal være påført fakturanummer og organisasjonsnummeret til utøvaren.

Vi rår til at alle utbetalingar blir gjort via bank.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar