Frivilligheit

Kva må ein som arrangør tenkje på?
Planlegging i forkant av arrangement er viktig, men når vi kjem til dagane for gjennomføring er det veldig ofte dei mange frivillige som overtek stafettpinnen.

Då er det dei frivillige som representerer arrangementet.
Dei er ansiktet ut til publikum.
Det er dei publikum møter.

Viktig då blir:

  • God informasjon til alle involverte.
  • La det bli deira arrangement.
  • Forpleining.
1) GOD INFORMASJON TIL ALLE INVOLVERTE:

Alle involverte i arrangement må ha det same verkty for informasjon om arrangementet. Det kan knappast bli for god informasjon til dei frivillige. Ingen er tent med at dei som møter gjestane / publikum ikkje kan svare på spørsmål rundt arrangementet, som publikum forventar at ein skal kunne svare på.

Eksempel er:
«Når opner dørene?» «Kvar kan jeg parkere?» «Kva kostar billetten?»

 VERKTY SOM KAN BRUKAST HER ER :
  • Felles informasjonsmøter for alle. Arranger gjerne 2 slik at ein kan velge dato. Dette er ofte travle menneske som involverar seg i mykje.
  • Nettsider, og då gjerne med eigne informasjonssider for dei involverte.
  • Handbok om arrangementet som alle får. Denne kan innehalde
    • Informasjon om organisasjonen / arrangementet. Litt om mål og visjonar
    • Kva ein forventar av dei frivillige. Litt om vertskapsrolla
    • Programmet for arrangementet og generell informasjon
    • Vaktlister og gjeremål for de forskjellige områda/ rollene dei frivillige skal dekke.
    • Kontaktinformasjon for dei forskjellige nøkkelrollene og alarmtelefonar.

 

2) LAT DET BLI DEIRA ARRANGEMENT:
  • Skal ein få gode ambassadørar for arrangementet, må ein skape tilhørigheit.
  • Dei frivillige må identifisere seg med arrangementet.
  • Arrangementet må bli deira.
  • Ta godt vare på alle medarbeidarane.

 

3) FORPLEINING OG GODER:
  • Frivillige jobbar ofte på ukurante tidspunkt, og over lange periodar.
  • Det er viktig å la dei få tilgang på mat og drikke i løpet av arbeidsøkta.
  • Dette handlar og om verdsetting av den store jobben som bir gjort og innsatsen som blir lagt ned for arrangementet.

Det er viktig å hugse at dei frivillige er nettopp det: FRIVILLIGE

KVA GODER GIR EIN DEI  FRIVILLIGE?

  • God informasjon
  • Fellesskap rundt å skape
  • Opplevelser og fellesskap – Å HA DET FINT!
  • Gratis billettar
  • Eige arrangement / fest
  • Bekleding
  • Kommunal frivillighetspris
  • Synliggjering i det offentlige rom

 

ROS OG OPPMUNTRING:
  • Vær konkret!
  • Ros bevisstgjer!
  • Ros skaper tryggheit!
  • Ei “Rosestund” kan gjere underverk
PERSON ER VIKTIGERE ENN PRESTASJON:
  • AKSEPT gir TILHØRIGHEIT
  • RESPEKT gjer FORNØGD
  • TILLIT skapar MOTIVASJON
  • TRYGGHEIT avlar MOT
  • TRIVSEL gir MEISTRING
  • ANERKJENNING skapar SJØLVTILLIT

REALISTISKE MÅL – DELMÅL – ALLE KAN IKKJE ALT – SAMAN ER VI GODE!

KVA ER MOTIVASJONEN FOR Å DRIVE FRIVILLIGHEIT?

Drivkrafta hos enkeltmennesket for deltaking i frivilligheit, er ofte eit ynskje om å drive med meningsfylte aktivitetar saman med andre menneske i et interessefellesskap.

Frivillig arbeid bind lokalsamfunnet i Ørsta/Volda saman. Det fins eit breidt aktivitetstilbod og arrangement for innbyggerar i alle aldrar, der verdien ligg i det å møtast, gjere noko saman, skape relasjonar og minner – og det skapast lokal tilknytning, sunn patriotisme og stoltheit for heimstaden.

  • Støtte til medlemsorganisasjon, dugnadsarbeid for lag / forening.
  • Ynskje om å treffe nye menneske, bli kjent med fleire på staden ein bur.
  • Unikt interessert i det arrangementet tilbyd; musikk, idrett, teater, historie etc.

Eksempel:VIB-Håndbok-frivillige-2014