Arrangere sjølv?

Volda og Ørsta ynskjer og treng mange, gode arrangement. Fleire arrangement er allereie godt etablert, og nye blir ynskte velkomne. Før eit arrangement kan gjennomførast er det ofte fleire løyver som må skaffast. På festivalforum.no gir vi deg ei oversikt over retningslinjer frå Volda kommune og Ørsta kommune,  som du må forholde deg til. Informasjonen er utarbeida av Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda og Frivilligsentralen i Volda kommune.
Alt avhengig av kva slag arrangement du skal ha, og kvar det skal haldast, kan det også være andre du bør tenke på dialog med.

God kommunikasjon med kommune, politi, grunneigar, naboar og andre berørte er viktig, og er du avhengig av løyver, bør desse meldast inn i god tid.

De fleste av reglane er av generell karakter, men somme reglar gjeld kun for Volda kommune eller Ørsta kommune. Skal du arrangere noko i ei anna kommune, og lurer på kva reglar som gjeld? Ta kontakt med den kommuneadministrasjonen det gjeld, så vil dei hjelpe deg.

Punkt du bør tenke på tidleg i arrangementsarbeidet:

  • BYGGESAKSREGLAR

Boder som skal settast opp til bruk gjennom ein sesong (over 1 veke) må handsamast etter plan- og bygningslova.

Boder til bruk ved arrangement (inntil 1 veke), krever ingen søknad etter plan- og bygningslova.

Har du planar om å bygge konstruksjonar som scene el.l som kjem nær eksisterande bygningar, skal det søkast  løyve hjå teknisk etat.

Hugs og å innhente løyve frå grunneigar.

  • SØKNAD TIL GRUNNEIGAR

Om du ynskjer å arrangere noko på privat grunn, må du alltid søke grunneigaren om løyve.

Om det er kommunen som eig grunnen, må du søke kommunen om løyve. Er du usikker på kven som eig grunnen, så kan du ta kontakt med teknisk etat i kommunen.

 

  • MELDING OM ARRANGEMENT TIL LENSMANN / POLITI

Anten du skal ha eit heilt nytt arrangement eller eit som har vore halde tidligare, må du søke politi eller lensmann om løyve til å holde dette arrangementet.

Sjå meir under Politi.

 

  •  SØKNAD TIL BRANNVERN

Brannvernet kan også være med på å sette vilkår for gjennomføring av arrangement, og må difor søkast. Brannvernet vil være opptatt av ting som eksempelvis: planlagt stengning av gate, brannvakter, nattevakter osv. Som arrangør har du ansvaret for tryggleiken til dei som deltek på arrangementet. Vær difor nøye med å halde lover og forskrifter – dei er ikkje laga for å gjere jobben din vanskeleg, men for å beskytte deg og publikummet ditt!

Sjå meir under Brannverntiltak.

 

  • NABOVARSEL

Alle berørte partar skal motta nabovarsel. Nabovarselet skal fortelle kva du arrangerer og på kva måte naboane blir berørt (parkering, stengning av gate, støy osv). Eit godt nabovarsel bør og fortelle korleis arrangøren på best mogleg måte har tenkt å ta omsyn til naboane som blir berørte av arrangementet.

Døme:

 

  •  SAL AV MAT OG DRIKKE

Alt sal av mat og drikke på arrangement må være godkjent av mattilsynet.
Meir informasjon:

 

  • SAL AV ALKOHOL

Dersom det skal selgast alkohol på arrangementet, er det viktig å ha alle løyver i orden. Sjenkeløyve søker du ved den kommuna arrangementet skal foregå i.

Sjå meir under Skjenking.

  • ØKONOMI

Treng  du råd og tips knytt til budsjettering, regnskap, moms m.m?

Les her: http://www.konsertarrangor.no/arrangoerwiki/wiki/oekonomi.aspx 

Skal ditt arrangement handtere kontantar?

Vi rår til at det alltid er to personar som i fellesskap tel opp kontantinntekter som arrangementet genererer. Kontantoppgjeret må deretter leverast bank.